Ytre Arna Museum er eit lokalhistorisk museum knytt til kvardags- og arbeidsliv i tekstilindustristaden Ytre Arna. Vi har mellom anna utstillingar som syner gløtt frå kulturlivet, lags- og organisasjonslivet, skulevesenet, Husfliden, Forbrugsforeningen og sjølvsagt det travle handelslivet i bygda.

Historiske bilete

Ytre Arna Museum har sidan nyopninga i 2013 hatt stor tilstrøyming, og tilbakemeldingane på utstillinga har vore svært positive. Vi har óg fått nye nettsider med galleri. Der kan du sjå historiske bilete frå Ytre Arna

Les meir her

Utstillingar

Arne Forbrugsforening frå 1867 er det eldste samvirkelaget i landet og er naturleg nok med i utstillingane. Det er også historia om tekstilproduksjonen i Arne Fabrikker og handelslivet, idretten og kulturlivet som blei utvikla i tilknyting til fabrikken.

Les meir her

Opningstider

Museet har fått nye opningstider og held ope 12 - 15 tirsdag til søndag og elles etter avtale. Måndag er museet stengt. Ytre Arna Museum ligg i Ivar Aasgaards veg i det samme bygget som klesprodusenten Oleana.

Les meir her