Stiftinga Ytre Arna Museum har etter søknad til Patenstyret no retten til bruk av A/S Arne Fabrikker sitt tradisjonsrike varemerke. Siste innehavar Høie-Arne AS hadde ikkje fornya si registrering, og den opphørte såleis 11.10.2000. Ytre Arna si historie tek til med grunnleggjinga av Arne Fabrikker i 1846. Museet formidlar kulturarven etter fabrikken og industribygda som utvikla seg gjennom mange generasjonar. A/S Arne Fabrikker vart lagd ned på slutten av 1970-talet. Ytre Arna Museum vil bruka varemerket som del av sin logo.