Bilete
Home / Bilete
- Peter Jebsen starta i 1846 det første mekaniske bomullsveveriet i Noreg. Hundre år seinare hadde Arne Fabrikker 152 automatiske vevstolar i bomullsfabrikken, og 244 vevstolar i ullvarefabrikken. Arne Fabrikker var ein av dei første og største tekstilfabrikkane i landet. Bilete er frå bomullsvarefabrikken på 1950-talet.
- Forspinneriet i bomullsvarefabrikken på 1950-talet. Direktør James W. Fenton bak til høgre.
- Arne Privatbank vart stifta i 1918. Ytre Arna hadde to bankar. Den andre var Haus Sparebank, grunnlagt i 1867. Bilete er frå 1938.
- Varehuset G. Aasgaard låg nede ved ferjekaien i Ytre Arna. Her var det spesialbutikkar for matvarer, manufaktur, jernvare, steintøy, bøker og eit eige bakeri. Bilete er frå 1950-talet.
- Ullvarefabrikken med sine mange store og små bygg vaks fram oppover langs Blindheimselva. Desse to fabrikkbygningane vart reiste i 1933 og 1939. og her var m.a. karderi, spinneri og veveri. Seinare kom eit nytt storbygg, «1948-bygget». Det var det siste store fabrikkbygget i ullvarefabrikken. I 1943 var det 300 arbeidarar i ull og 145 i bomull. På 1950-talet var det tilsaman rundt 1200 tilsette ved Arne Fabrikker.
- Dampskipet «Johan Jebsen» på Sørfjorden mellom Ytre Arna og Osterøy. Skipet vart bygt i 1893. Var ofte å sjå på hamna i Bergen og på fjordane rundt om i distriktet. Bilete er frå rundt år 1900.
- Vegarbeid i Ytre Arna på 1950-talet. Larsen-brørne til venstre.
- Arne Fabrikker hadde bedriftslegekontor i ullvarefabrikken.
- Ei gruppe seljarar har samla seg på sosialklubben i ullvarefabrikken. Studerer nye stoffprøver frå Arne Fabrikker. 1950-talet.
- «Silken». På 1930-talet kom det i gang kunstsilkeveveri i ullvarefabrikken.
- Arne Fabrikker sitt laboratorium for testing og kvalitetskontroll.
- James W. Fenton. Direktør ved Bomullsfabrikken frå 1927 og seinare ved begge fabrikkane fram til 1963.
- Arne fabrikker tilsette sosialsekretær i 1945. Arbeidde for å gjera fritida hyggeleg og lærerik for tilsette, særleg for dei mange unge innflyttarane som gjerne ikkje hadde familie i nærleiken. På sosialklubben i ullvarefabrikken var det tre store salongar og eit kjøken til sosiale samkomer, møte og kurs. Her er det matlaging i gang. 1950-talet.
- Fagleg informasjonsmøte på sosialklubben for ei gruppe tilsette i ullvarefabrikken.
- I 1875 starta det postopneri på fabrikkstaden. På 1940-talet var dette eitt av dei størte landpostopneria i landet. Postmeister Olga Reigstad i postluka. 1950-talet.
- I «Stempelgangen» i ullvarefabrikken er det presentasjon av nye ullteppe og pledd. Stemplingsur og stemplingskort kan skimtast midt på bilete som er tatt i 1950-åra.
- Kurs i møbeltapetsering på Haus Arbeidsskule i Ytre Arna på 1950-talet.
- Arne Musikforening vart stifta i 1877 som eitt av dei første musikklaga i landet. Bilete er frå 80-års feiringa i 1957.