Innsikt

Her vil vi presentere tekstar som diskuterer tilhøve i Ytre Arna før og no. Det kan til dømes dreie seg om arbeidslivet, arkitekturen eller det rike idretts- og kulturlivet i fabrikkstaden.

Unge menn frå Slesvig og knoppskyting av tekstilbedrifter ut frå Arne Fabrikker

av Bjørn Bremerthun

Arne_Fabrikker (2)

Industrien kjem til Noreg

Bli med på ein tur rundt Ulriken. Start i Ytre Arna, og stopp litt i Salhus, Eidsvåg, USF Verftet og Solheim i Bergen, Hop, Espeland. Tar du så ein vidare avstikkar til Trengereid, Tysse i Samnanger og Dale, har du gjort reisa komplett. På alle desse plassane står det framleis nokre store bygningar som minner oss om tekstilindustrien som vaks fram og var med å setje i gang moderniseringa av landet vårt i siste halvdel av 1800-talet. Dei fleste av desse lokala er i dag omgjort til næringsparkar og hyser mange ulike verksemder, men på Espeland og på Dale er tradisjonen ubroten. Her blir det framleis produsert tekstilvarer.

Generisk Viagra inneholder de samme aktive ingrediensene som den merkede versjonen av den “blå pillen”, inkludert sildenafilcitrat, en kjemisk forbindelse som bidrar til å øke blodstrømmen i Sildenafil i Norge bekkenområdet og kan hjelpe menn med erektil dysfunksjon. Viagra for menn har vist seg å være et effektivt hjelpemiddel for å gjenopprette normal seksuell funksjon.

Noreg var på 1840-talet eit av dei fattigaste landa i Europa. I mange andre land var moderniseringa av samfunnet kome i gang: industriproduksjon, forbetring av kommunikasjonsmidla som jernbane og dampskip, folk fekk meir utdanning, aviser kom til, byane vaks. Her i Noreg gjekk det meste som før med jordbruk og fiske som viktigaste levevegar. Og styresmaktene tenkte at slik skulle det halde fram. Finansdepartementet skreiv i sin femårsrapport i 1845: «Fabrikdriften, som her i Landet aldrig har været av Betydning, har heller ikke i disse fem Aar gjort nogen væsentlig Fremgang. Denne Næringsvei vil aldrig her i Landet komme til at drive det vidt.» Men akkurat no byrja det å skje noko.

I 1846 etablerte Peter Jebsen frå Slesvig, grenselandet mellom Danmark og Tyskland, det første bomullsveveriet i landet. Det skjedde i Ytre Arna. Samtidig vart det grunnlagt mekaniske verkstader i Bergen og Oslo og tekstilfabrikkar ved Akerselva i Oslo. Dette blir rekna som starten på den industrielle revolusjonen i Noreg. Det som må seiast å vere rett slåande er at det her rundt Bergen i stor grad var folk utanfrå som sette i gang dette nye, og då i særleg grad tekstilproduksjon. Det rike bergenske handelsborgarskapet viste ikkje særleg interesse for dei nye ideane. Det vart gründerar frå nettopp Slesvig som sette det heile i gang. Dei studerte tekstilindustri i ulike europeiske land, maskiner og ekspertise henta dei i England, og råstoff kom frå fjerne land som USA og Egypt. Noreg var trekt inn i moderniseringsutviklinga.

Tekstilfabrikken i Ytre Arna vaks fort og fekk etter kvart fekk namnet Arne Fabrikker. Fabrikken vart livsnerva i Ytre Arna, men det industrielle frøet som vart sådd her skulle få vidtrekkande følger for mange stader i Hordaland og særleg i bergensområdet. I løpet av dei neste 50 åra vaks det største tekstilindustrielle miljøet i landet fram her, og denne posisjonen hadde området til langt ut på 1900-talet.

Det var ikkje unaturleg at når industrien først kom til Noreg at det vart etablert fabrikkar nettopp i området rundt Bergen. Byen og omlandet utgjorde ein stor marknad, Bergen var ein by som hadde ei utadretta handelsnæring, og det var lett tilgang til importtenester som råstoff, halvfabrikata og internasjonale impulsar. I området rundt var det fleire vassdrag av passeleg storleik: Blindheimselva, elva frå Jordalsvannet, Nesttunvassdraget med Hopsfossen, Espelandsfossen, Skulstadelva, Tysseelva, Bergsdalsvassdraget. Desse vart brukt som energikjelde i dei tekstilfabrikkane som vaks fram. I byrjinga vart vatnet ført i trerenner til nokre svære vasshjul som ved reimoverføringar dreiv maskinene. Seinare vart turbinar tatt i bruk, og så elektrisitet. Denne utviklinga gjekk føre seg i dei fleste fabrikkane som vart etablert. Teknologien var klar, bomullstekstilar blei no ei viktig forbruksvare, så tida var moden.

Gründerane og fabrikkane
Svært mykje av denne framveksten skjedde gjennom knoppskyting ut frå «moderfabrikken» Arne Fabrikker. Den første gründeren var Peter Jebsen. Han kalla til seg brørne Johan og Jürg , søskenbarnet Hans Hansen og Hans P.F.Mathiessen i åra like etter at han hadde starta opp i Ytre Arna. Dei hadde til å begynne med alle sitt virke i Arne Fabrikker. Vel 10 år seinare starta Philip Chr. Clausen, Johan K. Ramm og Lorentz K. Todsen trikotasjefabrikk i Salhus. Både Clausen og Ramm fekk si opplæring og hadde i fleire år arbeidd i Arne Fabrikker. Søskenbarna Christian og Jørg Petersen kom til Noreg noko seinare og starta til å begynne med trikotasjefabrikk på Hop i Fana, så på Georgernes verft i Bergen og i Eidsvåg. Seinare grunnla Peter Jebsen tekstilfabrikk på Dale, Johan Jebsen band- og lissefabrikk på Trengereid og på Solheim i Bergen og Hans P.F. Mathiessen ullvarefabrikk i Tysse i Samnanger.

9 tekstilgründerar frå Slesvig og ein frå Noreg som sette djupe spor etter seg i bergensområdet

Jürg Jebsen starta fabrikk i Vestfold, og ut frå fleire av desse fabrikkane vart det og etablert dotterfabrikkar i Sverige, i Gøteborg og Borås. Og alle desse unge mennene kom få Slesvig! Nokre av dei var i slekt, elles var det ofte fedrar eller andre slektningar som sendte desse gutane av garde nordover. Dei kom frå småbyane Skelde i Broager, Eckenførde, Aabenraa og skapte tekstilhistorie i det nye landet sitt.

Tel vi opp, kjem vi til 11 tekstilbedrifter i området rundt Bergen. Tar vi med fabrikkane i Vestfold og Sverige kjem vi til 17! Det i ei tid Noreg framleis var eit bondesamfunn og industriutviklinga elles i samfunnet enno ikkje var kome skikkeleg i gang.

 «Moderfabrikken» i Ytre Arna

Peter Jebsen var altså den første og den som kom til å setje djupaste spor etter seg. Han kom til handelsbyen Bergen som 18-åring og arbeidde nokre år hos hos handelsmenn i Bergen. Men hos den unge Jebsen vaks det fram nye idear. Ute i Europa hadde tekstilindustrien vore i vekst i lang tid. Det måtte vel vere mogleg å starte opp noko liknande sjølv i det fattige Noreg?

Jebsen såg etter vasskraft til å drive maskiner. I Ytre Arna fann han det, han kjøpte Blindheimselva , fekk reist fabrikkbygningar på den ubebygde marka heilt nede ved Sørfjorden, og i 1846 starta dei 36 første vevstolane å produsere bomullstøy. Arne Fabrikker var eit faktum, og i over 130 år, fram til det var slutt i 1980, var dette ein av dei leiande tekstilfabrikkane i landet. Etter nokre tiår arbeidde det vel 450 arbeidarar i fabrikkane i Ytre Arna, og utover på 1900-talet steig talet på arbeidarar så det nådde eit toppunkt med over 1100 arbeidarar tidleg i 1960-åra. I fabrikken vart det laga kvalitetsvarer som uniformstøy, sengetøy til institusjonar, Arne Laken, og alle moglege slags stofftypar. Det er nok mange husmødrer som minnest turar dei tok til restutsalet til Arne Fabrikker på 1950- og 1960-talet for å kjøpe stoff til å sy klede til familien sin.

Peter Jebsen, kanskje den største gründeren i Bergens næringsliv på 1800-talet ved sidan av Michael Krohn, vart sentral på så mange område i samfunnet etter kvart: innan skipsfart, han var truleg landets største dampskipsreiar rundt 1870-1880, som samferdselspolitikar («Vossebanens far»), som lokal- og stortingspolitikar, han engasjerte seg i gruvedrift, han var konsul for Tyskland.

Men han starta med tekstilfabrikken i Ytre Arna, og sjå kva dette førte til vidare:

Tekstilfabrikkar etablert av Jebsen-brørne

For å sikre etterkomarane sine kjøpte Peter Jebsen sjølv nedre del av Bergsdalsvassdraget , og i 1879 grunnla han Dale Fabrikker. Maskiner vart kjøpt i England, frakta med dampbåtane «Arne» og «Voss» og lektarar til Dalevågen og Dalseid, deretter med hesteskyss til Dale. Her var det rikeleg med vasskraft, turbinar vart tatt i bruk frå starten, og produksjonen starta opp sommaren 1879 med 200 vevstolar. Som i Ytre Arna starta det med bomullsfabrikk, men ikkje lenge etter kom ullfabrikken. I 1883 opna Vossebanen, noko som sjølvsagt betydde mykje for Dale Fabrikker.

Etter vanskelege år rundt århundreskiftet vaks fabrikken til å bli den største i Hordaland ved sidan av moderfabrikken i Ytre Arna. Tidleg på 1960-talet hadde fabrikken rundt 1250 tilsette. Dale vaks fram som eit komplett samfunn som så mange av dei andre industrisamfunna som blir omtalte her, særmerkt med eit spesielt rikt foreiningsliv.

Reklame_Dale_Fabrikker (2)
Det norske alpinlandslagert reklamerer for gensarar frå Dale of Norway i 1956.

På 1950-talet begynte Dale Fabrikker å produsere genserar til Vinter-OL- og Ski-VM, og med genserar designa til vinter-OL på Lillehammer fekk «Dale of Norway» sitt verkelege gjennombrot som internasjonal merkevare. I dei siste åra har marknadsføringa retta seg mot luksus- og motemarknaden. «Dale of Norway since 1879» heiter det i reklamen i dag. Dale er ein av tekstilfabrikkane i landet med lengst ubroten tradisjon, sjølv om mykje av den opphavlege produksjonen er skilt ut eller nedlagt.

Johan Jebsen, bror til Peter, var den neste slesvigaren som kom til Noreg, alt same året som fabrikken starta opp. I byrjinga hjelpte han broren med drifta, men litt etter litt kom han til å overta drifta av bomullsfabrikken, og i 1855 vart han opptatt i firmaet. Mens Peter flytta til Bergen i 1864, vart Johan buande i Ytre Arna tjue år lenger og blei heile livet nært knytt til Ytre Arna. Som Peter var han opptatt av utviklinga av samferdsel, og han var sentral då dampskipstrafikken kom i gang på fjordane i Nordhordland.

Han var dagleg leiar av bomullsfabrikken frå 1863, og då Arne Fabrikker vart aksjeselskap i 1879, vart Johan Jebsen formann i direksjonen, og han heldt fram i denne stillinga til han døydde i 1920. Han vart og medlem av direksjonen i Salhus Tricotagefabrik då denne gjekk over til aksjeselskap.

Den aldri kvilande Peter Jebsen hadde alt i 1878 kjøpt Skulstadelva, og den selde han til broren Johan som i 1895 starta Trengereid fabrikker, den første band- og lissefabrikk på Vestlandet. Sonen Karl overtok snart som direktør her, 19 år gammal, medan broren Johan vart direktør i ein tilsvarande fabrikk i Partille ved Gøteborg. Trengereid Fabrikker starta i 1911 opp ei avdeling på Solheim i Bergen som etter kvart vaks seg større enn moderbedrifta. Fabrikkane produserte isolasjonsband, gummiband, vevde etikettar, selar. Eldre folk i dag vil dra kjensel på «Bjørn bukseseler». Fabrikken på Trengereid vart nedlagt i 1987, mens avdelinga på Solheim dreiv fram til 1999 under namnet Cebelle-Trengereid A/S.

Jürg Jebsen, ein tredje av Jebsen-brørne, kom til Ytre Arna i 1850 og grunnla året etter saman med søskenbarnet Hans Hansen og Hans Petter Friedrich Mathiesen, også dei frå Slesvig, ein liten ullvarefabrikk på staden under firmanamnet Hans Hansen & Co. I begynnelsen av 1860-åra blei denne sterkt utvida, og i 1863 vart den overtatt av Jebsen-brørne under namnet P. Jebsen & Co. Jürg vart no den daglege leiaren i ullvarefabrikken heilt til 1883 då han flytta frå staden.

Som dei andre brørne var han på utkikk etter ny verksemd for neste generasjon. I 1881 grunnla han ein ullvarefabrikk i Berger i Vestfold for sonen Jens med firmanamn Jens J. Jebsen & Co, og nokre år seinare Fossekleven Fabrik i nærleiken av Berger for sonen Jørgen. Også Jürg Jebsen etablerte ein fabrikk i Sverige , Partille Yllefabrik, etter at mellomrikslova med Sverige vart oppheva og det var vanskelegare å selje norske varer i Sverige. Jørgen selde Fossekleven til broren Jens og flytta for godt til Sverige der han vart eineinnehavar av fabrikken. Fabrikkane i Vestfold hadde på det meste rundt 300 arbeidarar med merkevara Bergerpledd som det mest kjende produktet. Produksjonen vart avvikla i 2002.

Salhus Tricotagefabrik og Salhus Væverier

Salhus Tricotagefabrik
Salhus Tricotagefabrik

Philip Christian Clausen var neste slesvigar. Han kom til Bergen i 1853 og arbeidde i tre år i Arne Fabrikker. Her lærde han seg veving og spinning og kontorarbeid. Etter nokre år med studiar av tekstilindustri i utlandet ba Peter Jebsen han å kome til Noreg att for å bli direktør i ein tekstilfabrikk i Fotlandsvåg. Dette blei det ikkje noko av, men då lanserte Jebsen ein ny ide: trikotasjefabrikk, strikka tekstilar. Clausen fekk med seg to andre slesvigarar, fargerimeisteren i Arne Fabrikker, Johan Ernst Kristian Ramm og L.K.Todsen, og saman grunnla dei Salhus Tricotagefabrik i 1859.

Dei andre tekstilfabrikkane i bergensområdet vart plassert ved elver, men elva i Salhus var ikkje stor nok til å drive maskinane, så her måtte det dampmaskinar til. I begynnelsen fekk dei ferdigspunne garn frå Ytre Arna, men etter kvart utvikla dei også i Salhus heile produksjonslinja frå ullmottak, vasking, karding, farging, spinning, spoling, strikking, tilskjering, sying, kontroll og pakking før varene vart sendt ut på marknaden. Spesialiteten i produksjonen vart arbeids- og sjømannstrøyer, ullstrømper. Rundt 1930 vart Krone Maco lansert, noko som vart ei viktig merkevare for fabrikken.

I 1894 etablerte sonen til Philip Christian, Jürg Clausen, Salhus Væverier, og broren Emil overtok som direktør i trikotasjefabrikken då faren døydde i 1909. I motsetning til i Ytre Arna heldt andre (og tredje) generasjon fram i den daglege leiinga i fabrikkane. Veveriet produserte m.a. ullpledd, sengeteppe, dresstøy og møbelstoff. I toppåra på 1950-talet arbeidde det rundt 600 personar i dei to fabrikkane, og Salhus var eit livskraftig industrisamfunn, kjend m.a. for eit sterkt og levande kultur- og idrettsliv. Veveriet måtte innstille drifta i 1976, mens trikotasjefabrikken heldt det gåande til 1989. I dei tidlegare fabrikklokala held no Norsk Trikotasjemuseum til.

Hop trikotasjefabrik, Pedek og Eidsvåg fabrikker

Søskenbarna Jørg Petersen og Christian Petersen kom til Bergen etter den dansk-tyske krigen i 1864. Etter nokre år med arbeid i andre bransjar, tekstilstudiar og arbeid hos Ramm og Clausen i Salhus starta dei to tekstilfabrikken Hop Tricotagefabrik på Hop i Fana i 1879. I historia om denne bedrifta frå 1954 heiter det: «De tilhører den stolte garde av slesvigere som har fått æren av at Bergen med omland er blitt Norges Lancashire, med omtrent halvparten av Norges tekstilindustri». Fabrikken var den første i Noreg som produserte finare trikotasje.

Dei to søskenbarna skal begge ha vore sterke personlegdomar, og etter kvart skal samarbeidet ha vorte vanskeleg. Christian slo seg då saman med skipsreiaren Johan J.Dekke og oppretta Petersen & DekkesTricotagefabrik (Pedek) på Georgenes verft i Bergen i 1887. Denne bygningen, reist som tekstilfabrikk ved sidan av skipsverftet i 1886, vart overtatt av United Sardines Factory (USF) i 1910 og er i dag USF «Verftet».

Pedek, Hop
Pedek, Hop

Men så blei det samanslåing att, og all produksjon vart flytta til Hop, under namnet «Pedek». På Hop var det vasskraft, og skatten i Fana var lågare enn i Bergen. Samtidig vart det oppretta to dotterbedrifter i Borås i Sverige. Pedek hadde ei rivande utvikling og produserte varer av høg kvalitet: til å begynne med m.a. islandstrøyer og undertøy «etter Dr.Jægers system». Og bedrifta vann etter få år gullmedalje på utstillingar. På 1920-talet kasta kvinnene korsettet, og bedriftshistorie til Pedek frå 1954 kommenterer: «undertøy av myke og lette stoffer, gjerne i rosa, erstattet de gråmelerte «unevnelige» fra borgerlighetens tidsalder». Pedek leverte. Bedriftshistoria skriv vidare: «Fabrikken representerte det beste på sitt område i norsk industri».

På 1950-talet arbeidde det rundt 350 arbeidarar i fabrikken på Hop. Det vart bygd opp eit eige bustadområde for arbeidarane, Pedek hageby. Pedek på Hop heldt produksjonen i gang til 1976. I dag ligg den store, gule fabrikkbygningen, no Hop næringspark, synleg til ved motorvegen mot Fana, og NRK sender Det store symesterskapet frå denne bygningen hausten 2015.

Men dei to søskenbarna fekk etter kvart fleire jern i elden. Christian Petersen kjøpte Eidsvåg gard med nedlagde møllebygningar. Alle etasjane vart heva med 70 cm, og så stod ein ny tekstilfabrikk i bergensområdet klar. Produksjonen starta hausten 1896 under namnet Eidsvåg Fabrikker med 25 vevstolar frå Tyskland. Dette var det første veveriet for kamgarns kjoletøy. Fabrikken produserte og smokingstoff og leverte kleskolleksjonen til norske OL-troppar fleire gonger. I 1937 arbeidde det 250 arbeidarar ved fabrikken. Produksjonen vart innstilt i 1972.

Jørg Petersen tok og på seg ei ny, stor oppgåve då han i 1905 gjekk inn som disponent for Dale Fabrikker då denne denne fekk store vanskar og måtte reorganiserast. Han sat i denne stillinga til han døydde i 1928.

Samnanger Ullvarefabrikk

Hans Petter Friedrich Matthiesen, ein av grunnleggarane av ullvarefabrikken i Ytre Arna, kjøpte fallrettane i Tysseelva i Samnanger og etablerte Samnanger Uldvarefabrik i 1886. Han starta opp med 25 tilsette, men fabrikken vaks og på det meste arbeidde 250 arbeidarar her. Grunnleggaren døydde alt året etter, og sonen Christian August vart den som dreiv fabrikken vidare. Produksjonen bestod m.a. av dresstøy, frakketøy, uniformstøy til NSB, Hæren, Marinen og finare kjolestoff. I ein artikkel i Samnanger historielag i 2003 heiter det: «Produksjonen var enorm. På det meste sende fabrikken ut 450 000 m stoff på eit år. Det er like langt som frå Tysse til Oslo». Kvaliteten på varene var høg, og bedrifta vann medaljar på utstillingar. I 1924 bestilte dronning Maud kjolestoff frå Samnanger. Tyssesamfunnet vaks som dei andre industristadene frå å vere ei lita grend til å bli eit tett industrisamfunn med fabrikken som det naturlege midtpunktet.

Men så skjedde katastrofen. Fabrikken brann ned til grunnen i 1931, og det blei i mange år slutt på tekstilproduksjon i Samnanger. Det blei ei hard tid for Tyssesamfunnet med høg arbeidsløyse. Fabrikken var på branntidspunktet under administrasjon av Bergen Privatbank, og det blei rettsoppgjer for eigarane å få utbetalt forsikringspengane. Sønene til direktøren dreiv i mange år Voss Uldvarefabrik A/S.

Men tekstilhistoria i Samnanger heldt fram ti år seinare. Då flytta A/S Safa – Samnanger Fabrikker – til Tysse etter å ha drive på Voss og i Bergen. Bedrifta produserte strømper i Samnanger til 1999 då produksjonen vart flytta til Litauen. I dag er det framleis fabrikkutsal i bygda.

Janus på Espeland

I 1895 grunnla Anton Stephansen Espelandsfos Spinderi&Tricotagefabrik, i dag kjent som Janusfabrikken, på Espeland i Arna. Stephansen var det norske unntaket blant desse tekstilgründerane, men han starta sitt yrkesliv i teneste hos Peter Jebsen og Arne Fabrikker. Først var han som ung gut tilsett i Jebsens manufakturforretning i Strandgaten, og seinare var han handelsreisande for Arne Fabrikker før han opna eigen butikk i byen. Stephansen var ein godt vaksen mann på 50 år då han endeleg fekk oppfylt draumen sin å starta tekstilproduksjon basert på vasskraft. Med oppdemming av Osavatnet kunne Espelandsfossen gi nok kraft til trikotasjefabrikken som starta opp med 20 tilsette i 1895 . Til å begynne med måtte syerskene halde seg med eigne symaskiner som blei drivne av handkraft. Jernbanen frå Bergen til Voss hadde opna i 1883, og med den kunne varer fraktast til og frå Espeland, slik tilfellet og var på Trengereid og Dale. Fabrikken produserte i hovudsak undertøy, ullgenserar og raggsokkar og hadde ein jamn vekst utover på 1900-talet. I begynnelsen av 1960-talet var 600 personar tilsette på Janus.

Arbeidere, Janus
Arbeidere, Janus

Janusfabrikken kan sjå tilbake på ei lang historie, 120 år med tekstilproduksjon. Dei seier om seg sjølve: «Nærmere levende historie enn Janusfabrikken kommer du ikke». Den er ein av dei leiande produsentane av undertøy i Europa, med fleire dotterselskap og stor eksport. Dei produserer særleg kløfrie ullklede til barn og vaksne og marknadsfører seg med namn som Prinseull og Prinsesseull, og med merkevarene Iris og Krone.

I dag er Janus og «Dale of Norway» det som er att av dei gamle tekstilfabrikkane i bergensområdet.

Arven

Desse tekstilfabrikkane som vart etablert i siste halvdel av 1800-talet var ingen døgnfluger. Mange av dei fekk ein levealder på over 130 år, og som vi har sett lever nokre vidare i dag. Dei vart til i ei tid då det var rikeleg på billeg arbeidskraft, og alle desse fabrikkane sysselsette i løpet av denne tida tusenvis av arbeidarar. Rundt 1960 var nærare 4500 personar tilsette i dei tekstilbedriftene i bergensområdet som er omtalt her. Arbeidarane var norske, gründerane var slesvigarar. Det er ganske påfallande at det ikkje kom fleire norske på banen. Stephansen gjorde det, og det fantest og tekstilfabrikkar etablert av nordmenn rundt om i Hordaland. Men desse fabrikkane var som regel mindre og fekk helst ei kortare levetid. Dei bedriftene som her er omtalt var dei store, og m.a. Jebsen- brørne bygde opp store formuar som og vart investert i andre sektorar i samfunnet. I Arne Fabrikker var direktørane heilt til ut på 1920-talet enten danske eller tyske. Først i 1928 slapp trøndaren Alf Bonde til som direktør i ullvarefabrikken!

Knoppskyting
Knoppskyting

Den tidlige tekstilindustrien var svært viktig i den første del av moderniseringa av Noreg, før dei store fossane vart temma tidleg på 1900-talet, før oljealderen. Masseproduksjon av varer ved maskindrift var sjølve nøkkelen til den velstandsauken vi har sett frå denne tida fram til i dag. For industriarbeidarane dei første tiåra var arbeidsforholda temmeleg så harde med arbeidsdagar på opptil 13 timar, med ein evig støy frå maskinene i trekkfulle lokale og med låg løn. Men rundt fabrikkane vaks det fram lokalsamfunn med handelsliv, organisasjonsliv, med velferdsordningar. Den moderne tida nærma seg. Eit tankekors er det at dei som produserer kleda vi går i i dag, i asiatiske land, arbeider under langt verre forhold enn norske tekstilarbeidarar på 1800-talet.

Det er lite att av tekstilindustri i Noreg i dag, men på alle desse tidlegare industristadane står kolossale fabrikkbygningar att som monument av ein viktig epoke. I 2014 sendte NRK «Det store symesterskapet» frå Oleana, i bygningane til tidlegare Arne Fabrikker, i 2015 sendte dei frå Pedek på Hop. Det er ikkje tilfeldig at desse programma vart spelt inn i «Noregs Lancashire»

Kjelder:

  • Norvall Skreien: Nye bergensere som har skapt nasjonal historie, Bodoni forlag, 2013
  • Bedriftshistorier for Arne Fabrikker, Salhus trikotasjefabrikk, Hop trikotasjefabrikk, Pedek, Eidsvåg fabrikker, Janus, Dale fabrikker, Trengereid fabrikker.
  • Wikipedia
  • Anders Haaland: Arne Fabrikkers vekst og fall. Artikkel i Fabrikken og folket, red. av Leiv Mjeldheim, Fagbokforlaget,1996
  • Svein Ivar Angell: Arna bygdebok Band II, Vigmostad og Bjørke, 2004

Historia om Ytre Arna – ei moderne noregshistorie i miniatyr
av Bjørn Bremerthun

100-årsjubileum for Arne Fabrikker i 1946
100-årsjubileum for Arne Fabrikker i 1946

Eidsvoll har ein særeigen status i nordmenns medvit: 17.mai, 1814, grunnlov, demokrati. Og i år feirar vi 200 års jubileum for grunnlova og lausrivinga frå Danmark. Ytre Arna, ei lita bygd ved Sørfjorden, har vel ikkje den same klangen. Men den utviklinga som gjekk føre seg i denne bygda illustrerer på mange måtar svært godt den forvandlinga som Noreg har gjennomgått dei siste to hundre åra. Landet vårt er blitt forvandla frå eit bonde- og fiskarsamfunn, eit av dei fattigaste i Europa, til eit moderne velstands- og velferdssamfunn.

I hundrevis av år hadde endringane i nærings- og levemåte ikkje vore særleg stor. Den eine generasjon hadde følgt etter den andre: å dyrka ein liten åkerflekk, ro fiske, ta seg arbeid som tenestejente eller dreng før ein vart gift eller prøva lukka som handverkar i ein by. I dei første 30 åra etter 1814 endra heller ikkje landet seg i særleg grad. Ute i Europa, og særleg England, hadde den industrielle revolusjonen starta så smått, men å setja i gang med noko slikt i utkantlandet Noreg var det ikkje så mange som tenkte på enno. Men midt på 1840-talet begynte det å skje noko. I løpet av dei neste tiåra starta ei utvikling som utover 1900-talet heldt fram i enda større tempo og som har ført fram til det samfunnet vi har i dag:

  • Den industrielle revolusjonen kjem til Noreg, fabrikkar blir etablert, det fører etter kvart til masseproduksjon av varer som i neste omgang legg grunnlaget for velstands- eller overflodssamfunnet vårt.
  • Denne utviklinga krev betre kommunikasjonar. Langs kysten blir det starta opp dampskipsruter, jernbanen vert utbygd, og etter kvart blir og vegane meir kjørbare.
  • Noreg går over til å vera eit samfunn der ein baserte seg på sjølvforsyning og naturalhushald til å bli eit samfunn med pengehushald der ein er i lønsarbeid og kjøper dei varene ein treng.
  • Folk rundt i landet begynner å organisere seg i lag og foreiningar. Dei dannar kor og musikkorps, idrettslag, misjonsforeiningar, fagforeiningar, kvinneforeiningar og eit uttal andre.

Og det som er det særeigne ved Ytre Arna er at på kvar av desse felta har denne staden vore heilt i fremste rekke, både i distriktet her og nasjonalt.

Industrieetablering i Ytre Arna i 1846

Då tyskaren Peter Jebsen bygger ein bomullsfabrikk i Ytre Arna 1846, er han med i den første industrialiseringsbølgja i Noreg. Folk i Ytre Arna kjenner historia om då han ein søndag kjem gåande over Borgaskaret til Indre Arna, finn elva der for flat, går utover mot Ytre Arna der han ser at Blindheimselva var ei slik elv han er på jakt etter. Han kjøper elva, «skriv under på bonden sin rygg», og dei 36 første vevstolane i det første norske mekaniske bomullsveveriet begynner å gå alt sommaren etter. Då har han i mellomtida vore i England og andre land for å læra om tekstilindustri. Han hentar og brørne Johan og Jürg til Ytre Arna for å støtta han i drifta.

Tekstilindustri: Interiørbilete frå Arne Fabrikker med rader av vevstoler.
Tekstilindustri: Interiørbilete frå Arne Fabrikker med rader av vevstoler.

Det var fleire forhold som gjorde at dette skjedde akkurat no. Først og fremst var det Blindheimselva som gav nok vasskraft til å driva ein fabrikk. Ytre Arna låg og gunstig til, ikkje langt frå Noregs inntil då største by med ein stor marknad. England hadde like før oppheva forbodet mot å eksportera maskiner, og frå no av gjekk dei aktivt ut og marknadsførte ikkje berre maskiner, men og kunnskap og fagekspertise. Og frå å vera ein skråning ned mot Sørfjorden med mest beiteland for sauer vart området rundt elva kasta inn i ei utvikling der den store verda kom hit: tyskaren Jebsen kjøpte maskiner i England, og snart kom det båtar med bomullsballar frå Amerika og andre land.

Den industrialiseringa som gjekk føre seg i 1840-åra var den første bølgja. Det vart etablert tekstilindustri og mekanisk industri, særleg rundt Oslo og Bergen, og resten av landet vart ikkje særleg berørt av industrialiseringa enno. Nokre tiår seinare kom trelast- og cellulosefabrikkane på Austlandet. Men det var først rundt hundreårsskiftet, i den tredje industrialiseringsbølgja, at Noreg for alvor blei industrialisert. Då tok ein i bruk elektroteknikk, og det vaks fram storbedrifter på stader som Høyanger, Odda, Sauda og Rjukan. Frå no av endra samfunnet meir grunnleggande karakter, og utover 1900-talet vaks velstanden, ikkje minst som følgje av dei inntektene industrien gav. Men oppstarten av tekstilindustrien i 1840-åra starta det heile.

Gründeren Peter Jebsen

Peter Jebsen kjøpte Blindheimselva av bøndene i Ytre Arna og let bygga ein fabrikk der. I alle historiebøker om framveksten av det nye Noreg er dette nemnt. Det innleidde industrialiseringa i landet. Men i 1864 flytta han til Bergen. Då var han 40 år og hadde enno mykje ugjort. Han kasta seg over nye oppgåver, og han blei etter kvart svært sentral i det bergenske borgarskapet. Han gjekk no inn i skipsfart, og såg tidleg at framtida låg i at dampskip måtte erstatta seglskip. I dei siste tjue åra han levde var han truleg den største dampskipsreiaren i landet. På denne tida blei Noreg ein av dei fremste skipsfartsnasjonane i verda.

UBB-BS-FOL-01100001
Arbeidarane ved Arne Fabrikker rundt 1890.

Som stortingsmann kjempa han og for jernbaneutbygging, og då vedtaket om bygging av Vossebanen blei fatta i 1875, blei det improvisert eit folketog i Bergen der «Leve Jebsen» runga i gatene og det blei avfyrt skot frå Bergenhus festning. Som ein illustrasjon på den posisjonen han hadde i Bergen då han døydde i 1892 stod følgjande å lesa i ei bergensavis i ein omtale av gravferda hans: «Det var det længste Ligtog som Bergen har seet, siden Ole Bull begravedes…Og hvert eneste Skib på Havnen havde sænket sine Flag og overalt i Byen, paa private og offentlige Bygninger, vaiede Sørgeflagene». Dette var gründeren. Han sette djupe spor etter seg på mange felt seinare i det nye heimlandet sitt, men det var i Ytre Arna det heile starta for han. Han kom med ideane frå Europa der utviklinga var kome mykje lenger, og slik måtte det nok vera på denne tida.

Men arbeidarane i fabrikkane var norske. Det var kvinner og menn frå bygdene omkring, frå Arna, Osterøy, Lindås og elles frå strilelandet. Dei sleit i kalde, trekkfulle, støvete og støyande lokale 13 timar kvar dag den første tida for låg løn. Kvinnene som stod direkte i produksjonen tente halvparten av mennene, og mange barn arbeidde og i fabrikkane dei første tiåra. Men dei hadde fått arbeid innandørs, fast løn, gratis hus, og det vart nok opplevd for mange som eit betre alternativ enn å ta tenestearbeid rundt om på gardane. Industrialiseringa i 1846 førte etter kvart til at Ytre Arna vaks fram til eit komplett samfunn med mange av dei institusjonane vi finn i dagens samfunn. Og på felt etter felt er denne fabrikkstaden i fremste rekke i utviklinga.

Dampbåttrafikken

Det var frå Ytre Arna dampbåttrafikken i Nordhordland starta opp. I 1864 kjøpte Peter Jebsen D/S «Arne» for å frakta varer til og frå Bergen. Men båten vart og sett i persontrafikk på fjordane, i første omgang til Stanghelle og Bolstad. Peter Jebsen fekk og kontrakt med staten for posttrafikken. Dette forstår vi må ha opna opp tilveret for folk langs fjorden på ein heilt ny måte. Opp til no hadde folk rodd eller sigla til Bergen eller tatt seg fram på kjerrevegar og stiar. No kunne ein setja seg til rette i salongen og la dampmaskina bringa deg til byen på ein brøkdel av tida det tok før. For fabrikken må det og ha vore eit tidsskilje. Dei første 18 åra hadde ein rodd varer til og frå Bergen med «Lereftsbåten». Dette tilhøyrde no den gamle tida, og ei ny tid opna seg. I heile landet, langs kysten, på innsjøane, oppover elvane og kanalane som vart bygde på denne tida på Austlandet, vart det oppretta inn dampbåtruter.

Dampskipet «Johan Jebsen» på Sørfjorden mellom Ytre Arna og Osterøy.
Dampskipet «Johan Jebsen» på Sørfjorden mellom Ytre Arna og Osterøy.

Etter kvart kom det fleire og fleire båtar på fjordane i distriktet, og dampskipskaiane vart det nye samlingspunktet i bygdene. Her kom det varer og passasjerar, her samla folk seg og fekk vita nytt. I Ytre Arna var det «Foreningsbryggjo» som blei samlingspunktet. Jebsen-brørne var svært sentrale den første tida med båtar som «Arne» og «Voss», men etter kvart arbeidde strilefolket sjølv for å få kontroll over dampbåttrafikken. Det vart danna fleire lokale dampbåtlag i konkurranse med «byselskapa». I 1891 vart Indre Nordhordland Dampskipsselskab stifta, og dette selskapet blei no det dominerande.

Det kan neppe overvurderast kor viktig kommunikasjonsrevolusjon som starta på denne tida var for utviklinga av det moderne Noreg. Industribedrifter og jordbruket fekk levert varer punktleg og raskt, posten kom fortare fram, folk kunne ta seg ein bytur utan å bruka fleire dagar. Når vi i dag rek hit og dit over heile verda, kan vi kanskje av og til tenka på korleis det heile starta, nemleg med dampbåtar og jernbane. Og Peter Jebsen, fabrikkeigar i Ytre Arna var sentral i oppstarten på begge desse felta.

Samvirkelag og handelsliv

Det var i Ytre Arna det første samvirkelaget i landet blei oppretta i 1867. Det hadde då namnet «Arne Forbrugsforening». Tanken var at butikken skulle vera til for folket på fabrikkstaden. Dei skulle eiga butikken, prisane skulle vera lågare enn i private handelsbuer, og overskotet skulle gå tilbake til medlemmene. Lønene i fabrikkane var låge, og mange arbeidarar hadde ikkje råd til å bli medlem. Men då kunne ein kjøpa delaksjar, og skritt for skritt verta fullverdige medlemmer. Slike fellesskapsløysingar er og eit viktig trekk på vegen mot det moderne Noreg. Indre Nordhordlands Dampskipsselskap bygde og på dei same tankane, og i jordbruket og fiskerinæringa vaks det etter kvart og fram produsentsamvirke.

292
Aasgaards Varemagasin med “elektrisk bakeri og flatbrødfabrik”.

Det budde i 1860-åra rundt 700 menneske i Ytre Arna. Det var ei ganske stor bygd, og folk budde og arbeidde tett sammen her. Det var derfor naturleg at det var på ein slik stad ein tanke om forbrukarsamvirke oppstod. Men det måtte til litt drahjelp frå fabrikkleiinga. Jürg Jebsen og andre funksjonærar bidrog sterkt dei første åra. Med forbruksforeininga, og berre nokre få år seinare varemagasinet G. Aasgaard, fekk Ytre Arna ein sentrumsfunksjon for mange av bygdene omkring. Hit gjekk dampbåtane, og her kunne ein etter kvart få kjøpt det meste. Med åra fekk Ytre Arna postopneri, apotek, sjukehus, gjestgjevarar, skjenkestader, og etter kvart spesialforretningar som slaktar, fiskebutikk, skobutikk, frisørar. Når folk i bygdene på Osterøy eller andre stader langs Sørfjorden skulle gjere nokre ekstra innkjøp var det like gjerne Ytre Arna folk reiste til som til Bergen.

Etableringa av forbruksforeininga og andre forretningar viser at ei ny tid er i anmarsj. Inntil no hadde det i stor grad vore naturalhushald i Noreg. Folk utanom byane dyrka, laga, fiska det dei trong, og ein trengte berre kjøpa nokre få nødvendigheitsvarer som korn, salt og tobakk. No breier pengehushaldet seg utover bygdenorge og. Det blir meir pengar mellom hendene til folk, og ein må kjøpa meir og meir. I ei slik utvikling melder behovet for bankar seg, og det er sjølvsagt i Ytre Arna Haus Sparebank får kontoret sitt då banken opnar i 1866, og med, nesten sjølvsagt, Jürg Jebsen som den første banksjefen. Men etter kvart tar lokale krefter over.

Organisasjonslivet

I Ytre Arna blei nokre av dei eldste lag og foreiningane i området, ja i heile Noreg, danna. Arne Musikforening er den nest eldste musikkforeininga i landet utanom byane. Arne Fabrikker kjøpte opp eit konkursbu frå ein fabrikk på Austlandet. Med det følgde det det med ein del instrument, og så vart Arne Musikforening stifta i 1877. Då eksisterte det alt fleire misjonsforeiningar på staden, og rundt ti år seinare vart Arne Sangforening og Arne Turnforening stifta. Også desse er mellom dei eldste i landet. I 1897 vart det flotte forsamlingshuset «Samhold» reist på dugnad, og framover no utfalda det seg eit særs rikt kulturliv på staden.

7276 Arne Musikkforening-a
Arne Musikforening vart stifta i 1877 som eitt av dei første musikklaga i landet.

Ytre Arna var ofte vert for song-, musikk- og turnstemne. Arne Musikforening, Arne Sangforening og etter kvart Arna Mannskor borga for høg kvalitet. Konsertar vart halde i og utafor bygda, og arnaturnarane hevda seg i konkurransar med bergensarane. Mot slutten av hundreåret fekk avhaldsorganisasjonane stor oppslutnad, litt seinare vart det danna fagforeining ved Arne Fabrikker, og i 1909 vart Arne Sanitetsforening stifta.

Det var naturleg at det var i denne typen lokalsamfunn folk først begynte å organisera seg. Dei budde og arbeidde tett saman, og Ytre Arna blei etter kvart eit svært stabilt samfunn der den eine generasjonen følgde etter den andre i fabrikken. Dei følte eit behov for å koma saman utanom arbeidet. Men vi kan likevel ikkje anna enn la oss imponera over at dei hadde overskot til lagsarbeid med arbeidsdagar frå klokka seks om morgonen til klokka sju om kvelden, slik arbeidstida var frå 1870-åra til rundt 1920.

Ytre Arna var og tidleg ute når det galdt sider ved utviklinga som peiker fram mot velferdssamfunnet vårt. I 1876 oppretta arbeidarane Arne Fabrikkers syke-og understøttelsesforening. Pengane som vart samla inn gav støtte til kortvarig sjukdom og utgifter i samband med gravferd. Og i 1882 kom doktor Krohn til bygda. Fabrikken heldt hus til han, og arbeidarane betalte løna hans ved innsamla «doktorpengar». På felt etter felt veks Ytre Arna fram som eit komplett samfunn. Framveksten av lag og organisasjonar og sosiale fellesskapstiltak er og svært viktige trekk ved framveksten av det moderne Noreg.

Etterkrigstid – frå industrisamfunn til servicesamfunn

8052-1
Parti frå Ytre Arna med Kulturhuset Sentrum bak og busser fra A/S Rutebilkjøring i front.

Og utover på 1900-talet held utviklinga fram. Arne Fabrikker var på høgda av makta si dei første to tiåra etter krigen. Det nye, flotte administrasjonsbygget «Sentrum» stod ferdig i 1945, parkanlegg vart anlagt, og gartnarar heldt dei i topp stand. Fabrikken sysselsette over 1100 arbeidarar, og over inngangen til den nye Eidsvågstunnelen stod det på 1960-talet med store bokstaver: «TIL ARNE FABRIKKER». «Arne-laken» og andre kjente produkt frå fabrikkane stod for kvalitet, og framtida såg lys ut til fram mot 1970. Men omslaget kom brått. Konkurransen frå lågkostland tok knekken på Arne Fabrikker og store deler av norsk tekstilindustri i løpet av nokre få år. Staten vart kobla inn, Norion-konsernet vart oppretta. Men etter ein lang bitter kamp var det slutt for Arne fabrikker i 1979.

Også her ser vi ein parallell mellom Ytre Arna og det norske storsamfunnet. Mykje av produksjonen den tradisjonelle industrien stod for vart no flytta til Kina, Korea, Indonesia, Bangla Desh der arbeidarane kunne produsere billeg under løn- og arbeidsvilkår som om mogleg er enda verre enn det Arne-arbeidarane hadde rundt 1850. Tekstilindustrien bukka under, oljealderen var på veg. Og barn og barnebarn av tekstilarbeidarane i Arne Fabrikker vart gjerne oljearbeidarar eller fann plassen sin i det norske servicesamfunnet der vi underviser, klipper eller pleier kvarandre.

Ringen slutta

Men ein vinterdag i 2012 skein det sterke gule lys i dei gamle fabrikklokala ned ved sjøen i Ytre Arna. Den moderne tekstilbedrifta Oleana hadde flytta inn i den gamle bomullsfabrikken. Saman med to andre bedrifter i vårt nærområde, Janus på Espeland og Dale of Norway, har dei mot mange odds klart å bringa dei gamle tradisjonane i norsk tekstilindustri vidare. I 1846 var det ein tysk gründer, men det var mange frå Osterøy som var med og bygde og tok seg arbeid i fabrikkane. No var det ein ostring som var ein av gründerane. Og i 2013 opna Ytre Arna Museum dørene sine i nye lokale, eit fantastisk museum bygd opp og drive av ei handfull eldsjeler som ville ta vare på det Ytre Arna som var. Ein tur gjennom museet er og ei reise gjennom moderne norsk historie. Museet ligg vegg i vegg med Oleana, og dei to har eit tett samarbeid der begge drar nytte av kvarandre. I museet blir den gamle historia dokumentert, og hos Oleana kan kundane kjøpe topp moderne tekstilprodukt. Ringen er slutta i pionerbygda. Den gamle og den nye tida går hand i hand.

Erlend Tryti – Arkitekten som forma industristaden
av Erlend Vågane

Aasegaarden
Erlend Tryti er arkitekten bak Aasegården i Lars Hilles gate.

Det er vanlig å tilskrive den unge tyske gründeren Peter Jebsen æra for Ytre Arnas utvikling. Det er sjølvsagt med rette, sjølv om eg fort vert skeptisk når enkeltmenneske får all krediten for arbeidet fleire tusen andre legg ned kvar dag, gjerne for småpengar. Likevel vil eg hevde at ein annan enkeltperson i vel så stor grad pregar staden i dag. Eg tenker på arkitekten Erlend Tryti (1885-1962).

Tryti deltok i mange moderne prosjekt på si tid. Saman med byarkitekt Kaspar Hassel teikna han Rothaugkomplekset, Bergens første kommunale bustader og eit av landets første storgardskvartal. Han teikna Jakob Kjødes Forretningsbygg på Paradis og vann den særs prestisjetunge arkitekturprisen Houens Fonds Diplom for det. Han stod bak perla Ellerhusens Aldersheim i Sandviken, det karakteristiske høgbygget Strandkaien 6, og Engen Kino, som både ved opninga og i dag huser kommunale etatar og – altså – kino (i dag som del av Konsertpaleet). Tryti organiserte også restaureringa av Stend Hovudgard, teikna Trengereid Fabrikker på Fjøsanger og var arkitekt for fleire togstasjonar og kyrkjer. Hans mest sentrale og synlige bygg er nok likevel den modernistiske Aasegaarden i Lars Hilles gate (1937), som opprinnelig var bygt i tre etasjar.

Då Arne Fabrikker i si økonomiske storleikstid i mellom- og etterkrigstida trengte utviding og modernisering av bygga, var det altså ikkje unaturleg at det var Erlend Tryti som fekk hovudansvaret for prosjektet. Mykje tyder på at Tryti, til dels saman med sin bror, på det nærmaste fekk frie tøylar til å forme staden som han ville i perioden frå 1933 til om lag 1950. Dei ulike tidene gav ulike uttrykk, og bygningane ber dessutan preg av eksperimentering med ulike stilar. Dette er spesielt synlig i ullvarefabrikken (Arna Industrihus), som vart etappevis utbygd i moderniseringsperioden. Her er tyngre arkitektur langs enkelte av langsidene blanda med elegant og avrunda funksjonalisme, spesielt på administrasjonsbygget lengst nede i Fabrikkvegen.

Klare funksjonalistiske trekk ser ein også igjen i det “nye” bomullsspinneriet (Arna Næringspark). Utforminga av bomullsspinneriet har likskapstrekk med Aasegaarden, med utskilt, elegant trappegang og enkle utskjeringar i rektangulær- eller sirkelformar. Midt mellom dei to fabrikkane fekk Tryti teikne inn eit nytt hjarte i staden – Kulturhuset Sentrum – og eit fantastisk parkanlegg som band saman øvre og nedre del av den ulendte industristaden. Og då fabrikken etter 2.verdskrigen hadde stort behov for nye bustader til sin vaksande arbeidsstokk, var det igjen Tryti som mellom anna fekk utforme dei flotte småblokkane som buktar seg oppetter Sætrefjellet med sine karakteristiske raude og blå gavlar.

Det er oppsiktsvekkande at ein enkelt arkitekt har fått utforme ein tettstad i så stor grad. Erlend Tryti fekk både nytte seg av ulike moderne arkitekturtrendar, og samstundes planlegge ut frå ein heilskaplig idé, kor industri, kultur, park og bustad fungerte saman. Det er tydelig at fabrikkbygga vart bygd ut tett integrert i lokalsamfunnet og ut frå ein grunntanke om at dei skulle skape stoltheit blant folket. I dag vert næringsbygg mest plassert langt borte frå folk og utforma som spinkle kassar.

Kulturminnefondet har dei siste par åra tildelt nesten 1,3 millionar til verne- og utviklingstiltak på Erlend Tryti sine bygg i Ytre Arna – ein relativt sett svært høg sum. Det er lett å leite etter det heilt gamle når ein ser etter kulturminne. Men det er Trytis moderne prosjekt – sjølvsagt godt støtta opp med midlar frå ein velståande fabrikk – som verkeleg uttrykker tidas optimisme i norsk industri. Kulturminnefondets støtte viser kor viktig dei monumentale byggverka er. Tida har sett sine tenner i Erlend Trytis verk, og enkelte vil nok hevde at dei solide, men noko slitne bygga ikkje er noko å vere stolt av. Eg er ueinig. Om du enno ikkje er overtydd, bruk ein sommardag på arkitektursafari i eitt av dei verkeleg store moderne prosjekta i landet.

Om Kulturhuset Sentrum
av Sollaug Damminger

bilde 47

Kulturhuset Sentrum vert i dag drifta av lag og organisasjonar i Ytre Arna. Det er det største lagsdrivne kulturhuset i landet. Biblioteket held til her, og i underetasjen finn vi Ytre Arna sin Fritidsklubb for barn og ungdom. Elles har det staselege bygget gode lokale for alle typar utleige.

Huset vart bygt av Arne Fabrikker som administrasjonsbygg. Det blei teke i bruk til hundreårsjubileet for A/S Arne Fabrikker i 1946. Bernhard Greve (1886-1962) sine al fresco-måleri var fullførde i 1951, og bygget vart då offisielt innvigd med stor festivitas. Edvard Grieg sin hyldningsmarsj frå Sigurd Jorsalafar vart spela, og det var opplesing ved skodespelar Magda Blanc, som budde i Indre Arna. Veggene i den store salen er vakkert dekorert med heile den norrøne mytologiforteljinga, frå skapinga til ragnarok. På sørveggen ser vi jotnen Yme med kua Audhumla som urbilde for livet i naturen. Menneska Ask og Embla vert skapte av to tre, ein ask og ein alm. Og så følgjer alle dei andre kjende figurane, i kamp mellom det onde og det gode, mellom dei byggjande og det øydeleggjande kreftene i tilværet.

Bernhard Greve var ein godt etablert kunstnar då han ga seg i kast med oppgåva i Ytre Arna. Han var fødd i Bergen og fekk utdanninga si m.a. hos Harriet Backer og Henri Matisse. Han er kjend for ei rekkje store arbeid, særleg glassmåleri, i kyrkjer og rådhus rundt om i landet. På Skredhaugen i Lofthus finn ein privatsamlinga etter kunstnaren Bernhard Greve.

Om arbeidstilhøva dei første åra ved Arne Fabrikker
av Sollaug Damminger

UBB-KK-N-363_017

Peter Jebsen var tjueto år ung då han i 1846 grunnla Arne Fabrikker, ein av dei første og største tekstilfabrikkane i landet. Jebsen avgjorde sjølv både løner og arbeidstilhøva i bedrifta. Dei første åra var arbeidsdagen på 15 timar, frå klokka fem om morgonen til klokka åtte om kvelden, med eit par pausar for frukost og middag. Det var eit hardt og krevjande arbeid. Ein stor del av arbeidsflokken var kvinner. Dei gifte kvinnene fekk såkalla «konetid». Dei fekk gå heim til middagspausen ein time før mennene slik at middagen skulle vera ferdig til dei kom heim.

Det var ikkje nokon oppseiingstid. Folk kunne slutta når dei ville. Var dei misnøgde med eitt eller anna, gjekk dei berre sin veg. «Bare la de reise», sa Jebsen,- «de kommer nok igjen». Og slik var det. Det var ikkje så mykje anna å ta seg til. Dei var heldige dei som hadde arbeid i «Elvæ».

Den første alvorlege ulukka hendte i 1848. Ein tretten år gammal gut, Johannes, skulle ut og fylla ein kaffikjele med vatn. Han heldt kjelen bort i fossen. Då vatnet fossa i kjelen, vart guten trekt med og ramla ned på vasshjulet. Han døydde av skaden han fekk.

Dei fleste arbeidarane hadde akkordløn, elles var det vanleg med dagløn. Dersom nokon klarte å tena litt meir enn vanleg gjennom å arbeida ekstra hardt, trekte Jebsen utan vidare noko av løna hans. Var han misnøgd med arbeidet av ein eller annan grunn, så tok han og av løna. Det var hardt arbeid for lita betaling. Elles hadde Peter Jebsen omsut for arbeidarane sine. Dei budde gratis i husa. Frå 1857 hadde fabrikken eigen skule, og frå 1869 eige fattigvesen. Delvis gratis lege frå 1882.