Kulturdagar 2015

KULTURDAGAR I ARNA 2015

Årets kulturdagar er frå 17. – 26. april.

Laurdag 25. april er den store Ytre Arna-dagen med mange flotte og spanande arrangement i bygda vår. Dampbåten Oster kjem og tar fleire turar til og frå Ytre Arna som i fjor. Utvida opningstid i museet denne laurdagen: Frå kl. 9.30 til 15.30.
Elles i veka ope som vanleg kl. 12 – 15. Stengt måndag.

Temakveld i museet.

Onsdag 22. april er det Temakveld i museet. Tid: kl. 18 – 20.
Kåseri ved Ingeborg Fløystad. Ho har forska på kvinnekår i endring gjennom fleire generasjonar, m.a. på fabrikkstaden Ytre Arna.
Etterpå utvekslar vi tankar og minne om korleis livet i tekstilfabrikken og i dagleglivet elles har endra seg her opp gjennom tidene.

Vi serverer kaffi og noko attåt.

Bygdevandring i Ytre Arna

Søndag 26. april tar Odd Brudvik oss med på nok ei populær vandring gjennom bygda. Ny rute.
Start kl. 13 ved Monumentet i sentrum.