Om oss

OversiktsbildeDet var Peter Jebsen (1824-1892) som la grunnen til fabrikkstaden Ytre Arna. Han var ein framsynt ung mann som hadde forstått kor verdfulle fossar og vassdrag kunne bli for ei komande industrireising i Norge. Han kjøpte Blindheimselva i 1845, og ved Sørfjorden i Arna starta han i 1846 opp det første mekaniske bomullsveveriet i landet. Dette var heilt i forkanten av den industrielle utviklinga i Norge. Peter var då berre 22 år gammal. Same året henta han ein yngre bror, Johan Jebsen (1827-1920), til den nye fabrikken. Nokre år seinare kom ein tredje bror, Jürg Jebsen (1831-1901), som saman med fetteren Hans Hansen bygde ein ullvarefabrikk ved Sørfjorden. Brørne Johan og Jürg starta og fleire varige tekstilverksemder som ga viktige arbeidsplassar, mellom anna Trengereid Fabrikker og Berger Fabrikker i Vestfold. Saman var dei tre dyktige, initiativrike og energiske folk som gjennom mange tiår var med på å byggja opp det moderne Norge. Ikkje berre innan tekstilindustrien. Peter Jebsen vart rekna som landet sin største dampskipsreiar. Han etablerte den første norske amerikalinje og var Vossebanens far.
Denne historia, og dei mange ringverknadane av brørne Jebsen sine industrietableringar, kan du læra meir om i Ytre Arna Museum. Museet ligg i det tidlegare bomullsveveribygget til Arne Fabrikker ved Sørfjorden. Utstillingane våre viser spanande gløtt frå daglegliv, handel og ikkje minst organisasjonslivet på industritettstaden. Du får eit innblikk i arbeidstilhøva i tekstilindustrien både før og no. Tekstilprodusenten Oleana ligg i same bygg som museet. Her er det råd å sjå produksjonen og korleis dei populære strikkeplagga til Oleana vert laga. Velkommen til oss!

Opningstider:
Måndag: stengt
Tysdag – Søndag: 12.00-15.00

Inngangspenger:

Voksne: 50,- Barn: gratis.

Her finn du oss:
Arna Næringspark
Ivar Aasgaardsveg 1
Ytre Arna

Postadresse:
Ytre Arna Museum
Postboks 70 Ytre Arna
5889 Bergen

Telefon:
Nils Yngve Brudvik (+47) 414 44 022

E-post: post(a)ytrearnamuseum.no

DSC_0295a